fredag 1. mai 2009

Ingeborg 1 år






Så kom altså den store dagen: vesle gullet vårt blei 1 år! Dagen vart feira med familiebesøk og tanter og onklar kom i samla flokk ;-) Ho vart svært glad for vogna ho fekk, ville berre sitte oppi heile tida! Mot slutten av dagen vart bursdagsbarnet så sliten, at ho lånte dokka si dyne og kvilte seg litt på golvet. Dagen var ein suksess frå ende til annan!

Vårarbeid














Vi har hatt ein super dag i hagen i dag, heile familien. Plenen er slått, rosene klypt og rusket forsvunne. Herlig med ein sånn bra dag der alle har kost seg sammen :D Nydelige vårblomar kikkar opp frå jorda og smilar til oss. Men den finaste buketten, er dei fire flotte ungane våre! Legg ut litt bilder frå ein lørdag tidlegare i vår då vi var ute og knipsa vårteikn. I dag har vi hatt det for travelt med jobbing ;)