onsdag 24. februar 2010




Snøen laver ned! I løpet av denne veka (v.8) har det kome bortimot ein meter snø fordelt på to-tre dagar. Ingeborg hjelper mamma og Erlend med å måke.






På ein del av altanen har vi ikkje måka av i vinter, der går no snøen jamnt med toppen av rekkverket!










Boss-spannet har fått seg litt av ein topphatt.





Fuglane må snart måka av taket sitt dei og!



Vinter hos Romlingane

Ingeborg prøver skia for første gong. Ho er veldig konsentrert! Dei andre har erobra snøhaugen i enden av tunet. Det har verkeleg vore ein eventyrleg vakker vinter.











Johan er klar til å gå skirenn.






Erlend er ferdig å gå og har fått medalje.



Maria er berre med og ser på, ho vil ikkje konkurrere. Det er ikkje mange i hennar aldersklasse som startar. Dei aller fleste er frå førskulealder opp til 4. klasse.